Nicolai Gjellestad

Bambushytta

Eg må fortelje om bambushytta vår. På Koh Lipe booka vi oss ei bambushytte i nærleiken av stranda, i idylliske omgjevnader med trær og natur.

Vi blei teken i mot av ei hyggeleg fransk vert. Han som starta denne plassen er fransk, og då er det mykje franske gjestar og arbeidarar. Ho beklaga seg veldig, og sa at vi måtte vente til klokka fem eller seks med å ta over rommet, dei måtte berre reparere det. Gjestane før oss hadde trakka gjennom golvet, dette er ein problemstilling eg aldri har vore borti før. Vi venta mens dei splitta på bambus og stifta dei fast, og når dei var ferdig var det vår tur til å overta.

Som ein stor mann skjøna eg frå første skritt korleis dette kunne ha hendt. Eg rygga nesten ut av hytta med ein gong, alt eg tråkka på gynga, men eg held fram med å gå med ustø skritt inn i hytta. Det var ikkje lett å konsentrere seg om kva ho sa om rommet vårt, når kvart skritt eg tok kjentes som om eg skulle gå gjennom. Eg blei etter kvart vant til det, sjølv om det gyngar like mykje enda.

Ei babmbushytte er ei enkel greie, laga som du gjerne kan tenkje deg, 100% av bambus. Hytta er reist på påler av bambus. Alt reisverk er laga med tjukk bambus, og kledning og støtte er laga med mindre og oppdelt bambus. Det er ei billeg, enkel og sterk måte å lage hus på, naturvennleg er det også.

Hytta består av ei fin terasse med benkar og hengekøye, ein perfekt Instagram-post frå livet i tropane. Inne er det eit stort rom, med ein stor dobbeltseng, og ein hems med enda ei dobbeltseng rett over. Sengane er pakka inn i kremkvit myggnetting, som skal vise seg å vere gull verdt, for her er det mykje mygg.

Som eit tilbygg til denne bambushytta er det støypt opp eit slags bad, med do, dusj og vask. Det er kalkkvite, om enn litt misfarga enkelte stader, betongveggar omtrent ei meter opp, frå der og opp er det igjen bambusveggar og tak. Flisene er store og mørke, og golvet heller såpass at det kjennes som ei lita nedoverbakke. Sluken er sjølvsagt i motsett ende av der dusjen er, så når vi dusjar dannar det seg ei elv tvers over badet til sluken under vasken. Hytta står på pålar, og badet er støypt på bakken, så det er ei viss høgdeforskjell mellom hytta og badet. Ut frå hytta går det ei grov trapp, med ulik høgde og djubde på trinna. Det nederste trinnet rekk Olina til rett over knea, og har ei flis som surklar litt når du tråkker på den.

Hytta

Første natta var vi framleis litt usikre på om hytta holdt. Ragnhild var allereie lagt seg oppe på hemsen, og eg var på veg opp. Det knaka og braka for kvar minste rørsle, og ungane lå og sov rett under. Vi tora ikkje å risikere å dette ned på dei, så eg måtte legge meg ned med dei. Det er oppskrifta på dårleg søvn å sove med to som rullar rundt og vaknar på natta. I nabolaget viste det seg at det er mange hanar, og dei starta dagen med hanegal klokka halv 4, så den natta blei det lite søvn.

Dette er då for alle praktiske formål ei trehytte i skogen, noko som er eit par hakk ned i komfort frå det vi hadde på Koh Lanta. Å vere i skogen betyr også eit yrande dyreliv. Vi har firfislar og maur på badet, og flaggermus, kattar og hundar i fellesområdet. For å ikkje snakke om mygg. Vi sprayar oss med myggspray morgon og kveld, men det er ikkje å kome unna å få eit par myggstikk til dagen. Eg er glad vi har myggnetting, men skulle hatt ein på doen også, då eg sat der å fekta med ein horde med mygg ein kveld.

Eg sat ein kveld i fellesområdet, og ei ung tysk dame kom og sa venene sine, ‘Es war ein große Kakerlacken in meine Rucksack’. Du treng ikkje å ha pugga mykje tysk for å skjøne kva som foregjekk. Vi har sjølvsagt tatt våre førehandsreglar for kakerlakkar, med å ikkje ha mat på rommet, få tinga våre opp frå golvet og ha ting lukka, så vi har heldigvis ikkje sett noko hos oss. Heilt til vi ein morgon sat og åt frukost i fellesområdet, og ut av det blå manifesterte det seg ein stor kakerlakk på frokosttallerkenen til Olina. Den var opp under 5 cm lang. Eg fekk satt den tilbake i naturen og vi held fram måltidet.

Vi har også ei lita frosk som har besøkt oss eit par kveldar, eg tråkka nesten på den i stad. Eg hylte unødig høgt når Ragnhild sa at eg kom til å tråkke på den, men det gjekk bra. Den lille frosken lev framleis. Og når eg no sat å skreiv dette her i fellesområdet, kom det ein hund og la seg att med meg. Det er hyggeleg selskap når eg sit å skriv. Plutseleg reiste den seg, og gjekk inn i bambushytta vår og la seg under senga, og vi fekk den ikkje ut derfra.
Den lot seg ikkje lokke av skive med peanøttsmør, og eg var på veg til å gå å kjøpe eit kyllingspyd til denne hunden, då Ragnhild fekk han ut med å dytte han fram frå senga med ei kost.

Det er merkeleg korleis toleransegrensane våre flyttar seg. Maur på badet og kakerlakk til frukost hadde vore langt utanfor kva som er greit heime. Når vi er på tur, så tilpassar vi oss, og ingen har fått noko varige mèn av dette. Heime så skal vi ikkje snu ungane i bilstolen før dei er 5 år, her er det ikkje noko som heiter bilstol, vi heldig om vi får eit setebelte no og då.

Opphaldet vårt her nærmar seg slutten, det har vore fint med masse bading og snorkling, Mille har snart lært seg å symje. På måndag reiser vi vidare til Langkawi, og då skal vi opp eit hakk i komfort.