Hanoi og Ha Long-bukta
Eg hadde ikkje vore mange timane i Hanoi før eg hadde spora opp den første kamerabutikken, og kjøpte meg eit nytt gammalt analogt kamera. Det blei eit Rollei 35 som er eit klassisk kompakt kamera som blei produsert frå 1966 i Tyskland og deretter Singapore. I si tid var det minste fullformat kamera, så det er veldig kompakt, men veg litt fordi omtrent alt er laga av metall.
Eg tråkla meg gjennom gatene i Hanoi, det er mykje trafikk og folk på gatene. For å krysse gata her så er det veldig få lyskryss og gangfelt, eg måtte berre gå over med sjølvtillit, så vikar bilar og motorsyklar når vi går ut. Det er sjølvsagt litt med hjartet i halsen når vi har med oss barna, men det går greit.
Her virka det som om folk i større grad lever livet ute på gata. Dei et alle måltider her og sit ute og pratar og er sosiale. Det gjer at det alltid er mykje liv overalt, uansett kor trang sidegata er, så er det nokon som sit her. Terskelen for kva som kan kallast ein restaurant eller matbod er så mykje lågare enn kva det er heime i Noreg. Langs fortaua står det kjempesmå krakkar og bord som er lette å rydde vekk om myndigheitene skulle kome på inspeksjon for å avdekke ulovleg drift. Kjøkenet kan vere så enkelt som eit gassbluss eller ei lita grill. Likevel er mykje av maten her heilt magisk.

Etter eg kom tilbake på hotellet med det nykjøpte kamera mitt, var dei andre klar for å bli med ut å sjå på byen. Vi gjekk til Ho Hoan Kiem lake som er ei park med ein innsjø her, Hanoi sitt svar på Lille Lungegårdsvann, men eit par hakk større. Ungane fekk springe rundt sidan det ikkje var bilar her, og vi slapp å halde dei i handa heile tida. Dei såg på fiskar i det grumsete vatnet og på alle folka som var ute på tur. Hanoi er kjend for mange kafear og god kaffi, så vi jakta vår første kafè for å smake på kaffispesialitetane her. Ragnhild gjekk for ein kvit kaffi med salt skum som smakte veldig digg.
Vi tok ein guida tur i gamlebyen her med ein elektrisk golfbil, som var ein veldig stressfri måte å sjå oss rundt på. Den tok oss gjennom gatar med mange rare butikkar og små spisesteder, men det var ikkje lett å høyre kva guiden sa, men det var heilt greit. På veg tilbake til hotellet stoppa vi på Tornado Coffee som var den klart beste kaffiopplevelsen her i Hanoi. Eg trur vi var der fire gonger i løpet av opphaldet vårt, og alt var digg. Vi drakk eggekaffi som er kraftig Vietnamesisk kaffi brygga på Robusta med eit lag med eggedosis på toppen for å søte den kraftige kaffien. Det var meir ein dessert enn ein kaffi, og eg skal definitivt prøve å lage dette heime. Ein anna kaffispesialitet dei har her er kokosnøttkaffi, som er ei blanding av kokosnøtt i ulike formar, melk og sukker, og toppa med kandisert kokos, som også var sjukt digg.

Meg og Ragnhild hadde kvar vår kveld der vi var ute på street food tour, som var ein guidet tur gjennom gatematen i Hanoi. Eg var einaste deltakar på mi tur, så det var berre meg og guiden min Frank som gjekk frå stad til stad, og eg åt masse mat. Først fekk eg servert dampa risrull med friske urter, frittert sjalottlauk og saus, og eg fekk så ein frisk salat med grøn papaya, crispy pannekake med nudlar og kjøt, pad vietnam, bun cha og til slutt kokosnøttis med grøn pandan-ris. Alt var veldig godt, det er heilt utruleg kva dei får til med små kjøken ute på gata her. Nøkkelen er nok alle dei friske råvarene dei brukar, ikkje ein plass har eg fått servert slapp salat eller noko som ikkje såg bra ut.
Vi hadde også lyst til å sjå fjellformasjonane i Ha Long-bukta, som er laga av kalkstein og brutt ned til dei karakteristiske fjelltoppane og øyane, så vi dro på cruise i eit døgn på ei lita cruisebåt. Det er tydeleg at det er mykje turisme her, då det var mange turistbussar og cruisebåtar som tok turistar med ut på tur. Romma vi fekk på båten var heilt magisk, flott utsikt og to samanhengande rom sånn at ungane kunne sove på eit rom, og vi på det andre. Det var ikkje noko langt cruise, vi tøffa litt rundt i Lan Ha-bukta, men låg for det meste for anker. Eg var ute ein tur i kajakk og padla rundt nokre øyer og plukka litt boss frå vatnet, mens ungane spelte minigolf med Ragnhild ombord. Etter døgncruiset blei vi køyrd tilbake til Hanoi der vi tilbrakte eit par dagar til, før turen gjekk vidare til Ninh Binh.

Hanoi vokste på oss og sjølv om det er travelt i ein sånn stor by, så har den mykje å by på. Det som kanskje mangla var boltreplass for ungane, når vi gjekk i gatene måtte vi halde dei i handa heile tida, det var berre i parkar dei kunne springe fritt. Turen vår går vidare til Ninh Binh, som byr på meir av landskapet vi såg i Ha Long-bukta.