Nicolai Gjellestad

Kvifor lagar eg blogg?

Opp gjennom tidene har eg gjort mange forsøk på å lage ein blogg, men kvar gong så blir det aldri noko ut av det. Kvifor har eg over lang tid eit ønskje om å skrive ein blogg, eller lage ein nettstad, og kvifor greier eg det aldri?

Eg heiter Nicolai og er i skrivande stund 36 år, født i 1989. Det er litt rart å tenkje på at eg alt er 36 år, med ein draum om å lage ei eiga nettstad der eg kan publisere tankane mine, bileta mine, prosjektene mine, med alle fortsetningar for å gjere det, ikkje har klart det enda. Ikkje berre er nettstader kjempeenkelt å lage, eg er utvikler også, så eg kan berre lage det, utan å betale pengar til nokon for å gjere det for meg. Alt ligg til rette for at det er noko eg kan få til på ein kveld.

Likevel skjer det aldri. Ikkje før no.

Eg likar å tenkje på meg sjølv som ein kreativ, eventyrlysten og reflektert person. Eg har mykje eg vil dele med verda, det eg lagar, tenkjer og opplever, men kvifor er det så vanskeleg? Det er fordi å skape noko, og dele det er ei grunnleggjande sårbar handling. Eg stiller meg lageleg til hogg for krasse kritikkar, motstemmer, dei som meiner det er drit det eg lagar. Difor er det lett å finne på unnskyldningar for å ikkje gjere det, difor har det aldri skjedd før no.

Rett over nyttår reiser eg saman med kona mi Ragnhild og barna våre Mille og Olina på langtur til Søraust-Asia, så startskotet for denne bloggen blir å skrive om opplevingane våre der. Vi gler oss stort til å oppleve mat, natur og kultur i Thailand, Vietnam og kanskje også Indonesia og Malaysia. Å vere heilt fri i tre månader er både fantastisk og skummelt. Vi skal starte heilt på nytt, med ein kvardag utan planar, forpliktingar eller noko anna. Kanskje saknar vi kvardagen vår heime, kanskje blir den aldri den same igjen etter vi kjem heim.

Eg likar også å ta bilete, så eg kjem også til å opprette ein portfolio med bilete eg tek, men i første omgang må eg berre få publisert noko. Eg må berre få det ut, sjølv om den ikkje er perfekt eller sånn eg tenkjer den kjem til å bli i framtida. No har eg tatt det første steget, og eg gler meg til å legge ut bilete, opplevingar og tankar i tida framover.