Rolege dagar på Nusa Lembongan og Sanur
Reisa frå Gili Air til Nusa Lembongan var prega av mykje grov sjø. Indonesia består av mange øyar, og mellom øyane er det stort sett ope hav, og no når det har blåst litt i det siste så blei det mykje bølgjer. Det blåste ikkje så mykje den dagen, men det hadde blåst dagane før. På kaia mens vi venta på båten dreiv ungane å sprang rundt for å sjå flest mogleg hestar før vi reiste frå denne øya med alle hestane på. Kvar gong dei høyrde det klinge i bjellane frå ein hest løp dei bort til vegen og hoppa opp og ned når den køyrde forbi. Fleire gonger i løpet av opphaldet måtte vi sei at vi ikkje skulle få oss hest.
Ombord på båten fekk vi beskjed om at det kunne bli ei røff reise, og dei delte ut reisesjuketabelettar. Tablettane var små som eit knappeholshovud, og pakka inn i litt plast, og eg prøvde å tyde kva som stod på pakka for å søkje det opp på nett om det var trygt å gje til barna. Utifrå det eg fant fram til kunne eg gje dei ein halv tablett kvar, og det er eg glad for, det blei mykje bølgjer og eg kjente at eg sjølv var uvel. Turen skulle eigentleg ta 2 timar, men den tok 3,5 fordi vi ikkje kunne køyre så fort på grunn av bølgjene. Båten var heldigvis ganske stor og kunne tole sjøen godt, så eg var ikkje så redd for at noko skulle skje. Det er mange ulike selskap som køyrer båtar rundt på øyene, men dei har også ulik tryggleik. Når vi tok båten frå Nusa Lembongan til Sanur nokre dagar seinare måtte eg gje selskapet tilbakemelding på at det ikkje var nok redningsvestar til alle passasjerane, noko det bør vere på ein sånn båttur.
Vi ankom Mushroom Bay på Nusa Lembongan som er ei av øyane i øygruppa Nusa. Vegen opp frå bukta til hotellet vårt var enten grus eller veldig holete asfalt eller betong. Den såg ut som den ikkje har vore veldikehaldt på veldig mange år. Sånn var vegstandarden rundt om på den øya, men det gjekk heilt fint. Vi gjekk for det meste til plassane i nærleiken av hotellet, eller tok drosje om vi skulle til ei dei andre strendene på øya.
Hotellet vårt var eit knøttlite hotell med berre 4 rom, men det var veldig koseleg der. Han som jobba der heitte Andrè og såg ut til å ikkje vere meir enn 18 år, og gjorde alt der. Han raka lauv klokka 6 om morgonen, og vaska alle romma, og var der stort sett heile dagen. Bassenget på hotellet var ganske lite, men var perfekt storleik for ungane og hadde nokre badeleiker, mellom anna ei oppblåsbar krokodille vi døpte Knutsen.
Mushroom bay var ei roleg strand med nokre restaurantar og ein beach club. Sanden var utruleg fin og vatnet var azurblått, det einaste var at det var ein del bølgjer på den stranda. Det var spanande for ungane å bade, men det var litt i overkant spanande for meg som badevakt. Vi tilbrakte ein del tid på beach club der i Mushroom bay, som hadde to basseng og restaurant som vi bestilte lunsj og drikke frå. Eine dagen fekk vi også besøk av våre kanadiske vener frå Gili Air på beach club, så Mille og Olina fekk treffe venene sine, Arabella, Emmet og Angela.

På øya er det også nokre mektige klippeformasjonar som blir kalla Devils Tears, og vi tok ein tur til dei. Det var ei fin gangsti rundt på klippene, og sånn passe sikkert med eit taugjerde så turistane ikkje går for nære kanten. På området der var det omtrent ingen skugge, så det var godt å få oss ein is og kome oss tilbake til hotellet og symjebassenget.

Vi var der i 5 dagar før vi tok båten vidare til Sanur, som er ein by på Bali. Eller, eg veit ikkje heilt om det er ein eigen by eller om den er ein del av den større, omliggande byen Denpasar, men vi seier berre Sanur. Sanur er litt som Gran Canaria, berre for folk frå Australia. Stranden her er lang, i alle fall 5 kilometer, og det er tett med hoteller og restauranter. Langs heile stranda går det ein gangveg som er veldig populær for gåande, joggarar og syklistar, den er berre litt underdimensjonert for antall mennesker som går her. Spesielt om morgonen når joggarane er ute å gjer greia si er det mykje trafikk her.
Hotellet vårt ligg ved stranda, og vi har to separate soverom med enkeltsengar til ungane, så dei ikkje kan drive å sloss om natta. Rommet er stort, og omgivnadene er frodige, og vi har tre badebasseng å velje mellom her, i tillegg til å bade på stranda. Vi tok det ganske med ro her, hang mykje på hotellet og langs stranda og åt på dei nærliggande restaurantane. Det blei minst to øktar med bading til dagen, og ungane synes det var kjekt å fange krabbar på stranda, og dykke etter havfruer i bassenget.

På stranda var det ei knøttlita kaffibod som heiter Koppan og laga veldig god kaffi. Kvar einaste dag gjekk eg ned på stranda med ein gong vi stod opp og kjøpte kaffi. Nokon dagar blei det to eller tre turar dit, det blei nesten flaut kor mykje kaffi vi kjøpte der.
Vi leigde syklar eit par dagar for å kome oss litt meir rundt i Sanur. Gang- og sykkelvegen langs stranda er flat og for det meste i skuggen av trær, så det er ganske fint å sykle fram og tilbake her. Eine dagen sykla vi sørover på stranda, og fant ein leikeplass ungane kunne herje litt på. Der hadde dei også satt fram kokosnøtter og anna mat for å lokke til seg ekorn, så det var mange ekorn rundt om i træra.

Restaurantene langs stranda serverer mest vestleg mat, og er litt dyrare enn warungane (warung betyr restaurant på indonesisk) som serverer indonesisk mat. Den vi åt lunsj på den dagen hadde ikkje fungerande bankterminal, så då blei eg sendt ut for å ta ut pengar. I teorien skulle dette vere lett, då dei sa det var minibank i lobbyen på hotellet ved sidan av. Olina ville sjølvsagt vere med då ho elskar å vere med på oppdrag. Vi gjekk først til lobbyen, som var mykje lenger vekk frå stranda enn eg trudde. Der kunne dei fortelje oss at det ikkje var minibank der, men det var rett ut og til høgre, så vi gjekk rett ut av hotellet og til høgre. Vi gjekk langt før eg byrja å tvile på om dette stemte, så eg fiska fram Google Maps og sjekka, den sa det var ein 500 meter lenger inne i byen. Då var det berre å ta Olina på skuldrane og gå til Circle K der minibanken var. Ragnhild sendte melding og lurte på kor i alle dagar vi var blitt av akkurat då vi var framme med minibanken, dette var blitt ei mykje lenger ferd enn eg hadde sett for meg. Vi tok ut pengar og navigerte oss tilbake til stranda og restauranten som ville ha pengane våre. Eg var godt sveitt etter 2 kilometer med Olina på skuldrane i varmen midt på dagen.

På Nusa Lembongan traff vi ein som fortalte oss om Silent Day, som er nyttår her på Bali. Det er ei hinduistisk feiring for meditasjon og ettertanke, men vi innsåg ikkje heilt kva det innebar. Når dagen nærma seg på Sanur lærte vi at alle skal vere heime, ingen skal jobbe, bruke elektrisitet, ikkje noko underhaldning eller lage mat, så det var ganske strengt. For oss turistar vil det sei at alt var stengt og vi fekk faktisk ikkje lov å bevege oss ut frå hotellet. Dei var ikkje like streng med oss, så vi får ete i restauranten og bade i bassenget, heldigvis. Så den siste dagen før vi reiste vidare til Vietnam blei ganske roleg på hotellet, med fleire badeøkter og inneaktivitetar som teikning og film, og bloggskriving for meg.
Vi gleder oss veldig til Vietnam, det har vore rolege veker her på Bali, Nusa Lembongan og Gili Air, og den siste delen av turen blir nok litt meir travel med turar og opplevingar. Ragnhild har funnet guidet tur for å oppleve gatemat i Hanoi, som vi begge har meldt oss på, men på forskjellige dagar sidan det ikkje er tilrettelagt for små barn. Eg har funnet meg ein, eller fleire kamera- og filmbutikkar i Hanoi eg vil besøkje, det er ein sjanse for at eg kjøpar meg eit kamera der!