Naturopplevingar i Ninh Binh
Frå Hanoi tok vi ein bil sørover til Ninh Binh, som er eit område med litt same natur som Halong, berre inne i landet. Delar av området står på UNESCO si verdsarvliste, då landskapet og templane her er unike. Karstfjell er mange små toppar av kalkstein som er erodert av vatn og vind over mange år, og landskapet kan då best skildrast som eit med mange pukkelfjell. Mellom fjella renn det elvar og det er mange rismarkar her på flatene. Kombinasjonen av flott landskap og elvar gjer det populært blant turistar.

Vi budde i ei lita by i provinsen Ninh Binh som heiter Tam Coc, vi fant ut at det er her det skjer mest og har mange restaurantar i eit kompakt sentrum. Tam Coc omkransar ei lita innsjø som heiter West Lake, og tankane fall naturleg til Lille Lungegårdsvann. Hotellet vårt heitte Tam Coc West Lake Homestay, som låg heilt med vatnet, og til frukost satt vi og åt rett med vatnet. No har vi ikkje vore på det siste hotellet vårt på reisa enda, men eg trur eg kan sei at dette var det beste hotellet på heile turen. Familien som dreiv hotellet var så hyggeleg, hotellet låg så fint til med vatnet og området var roleg.
Første dagen vi var der leigde vi syklar på hotellet og sykla langs rismarkane på ein sti. Langs stien låg det fleire kafèar og restaurantar, og for å trekkje turistar hadde alle dyr av noko slag, enten det var ender, valpar eller fiskar. Ungane elska dette, så det var ikkje vanskeleg å aktivisere dei om vi ville ta oss ein kaffi på vegen. Vi besøkte ein pagoda, eller eit tempel, som heitte Bich Dong, som delvis låg inne i grotter. Tempelet var fint, men det er grensar for kor interessant det er for Mille og Olina, så etter å ha sett det viktigaste så sykla vi vidare og fann oss litt lunsj.
På vegen der i rismarkane sykla vi forbi eit skilt som reklamerte for kurs i lærarbeid, og eg vart med ein gong interessert. Eg kontakta han på Whatsapp og avtala å ta ein kurs nokre dagar etter, eg hadde lyst til å lage ein kamerareim i skinn. På kurset var eg einaste deltakar, så vi bestemte oss for å lage ein kamerareim og ei passlomme, han laga det meste av reima, og eg konsentrerte meg om passlomma. Timane flaug unna, og eg koste meg. Resultatet blei også veldig bra, reima blei heilt perfekt og er solid laga, eg har kanskje fått meg ein ny hobby.

Trang An er det mest kjende området i Ninh Binh då det er på UNESCO si verdsarvliste. Området består av eit nettverk av elvar, grotter og templar. Turismen her er massiv, men alt vart tilrettelagt, så å kjøpe billettar og få oss ein båt til å ro i gjekk overraskande smidig til å vere så mange mennesker der. Båtane er små og laga i stål, så det er maks fire personar i båten, i tillegg til båtføraren. Vi rodde nærast i kø oppover elva, ved templa gjekk vi av båten og spaserte rundt og kunne strekkje litt på beina. Turen varte i tre timar, og den tok oss gjennom tre grotter og tre tempel. Den lengste grotta var over 1 km lang, den var ganske imponerande.

Vi leigde syklar ein dag til og sykla til Mua Cave, som til forveksling har lite med huler å gjere, då det er ein bratt trapp opp på eit fjell, og her er det lett å få assosiasjonar til Stoltzekleiven. Til toppen er det 500 trappetrinn i stein, og det er mange turistar som tek denne turen. Toppane her er veldig smale, så på toppen var det ikkje mykje plass, akkurat nok til å ta eit bilete og snu å gå ned igjen. Utsikta her er fantastisk, masse fjell, rismarkar og elvar så langt auget kan sjå. Olina gjekk heile vegen sjølv, imponerande for ein treåring, som sjølvsagt fekk is og sodavatn når vi kom ned igjen.

Frå sentrum av Tam Coc gjekk det også ein båttur som vi tok nokre dagar seinare, den var litt kortare og det var mykje mindre folk her. Landskapet var nesten meir imponerande her, og vi var heldig med at det var relativt skyfritt og vi hadde flott ljos frå ettermiddagssola. Etter denne turen gjekk vi på ein restaurant der dei spesialiserte seg på grilla and, og det var sjukt godt. Vi fekk rett og slett berre grilla and som var kappa opp med kjøtøks og servert på eit fat med to skålar med saus til. Ikkje noko meir, kjøt og saus. Vi er vanlegvis ganske god på å ikkje bestille for mykje mat, men denne gongen blei det for mykje, så vi tok med oss ei halv and og nokre vårrullar i ein pose heim til lunsj dagen etter.

Ninh Binh var ein flott plass å vere, og vi likte spesielt godt hotellet vårt. Der traff vi også ein dansk familie med barn på omtrent Mille og Olina si alder, så dei blei eksponert for litt dansk også. Etter kvart forsto dei kvarandre sånn høveleg, men eg måtte vere tolk innimellom. Vi kunne lett vore lenger i Ninh Binh, men vi skulle rekkje nattoget sørover til Hoi An!