Nicolai Gjellestad

Sand og strand på Koh Lanta

Etter storbylivet i Bangkok dro vi sørover til Koh Lanta for å oppleve litt sand og strandliv. Eg trudde eg hadde bestilt drosje til altfor tidleg om morgonen, men det viste seg å vere det riktige, då drosja kom for seint på grunn av trafikkork. Det skulle vise seg at den flyreisa var heilt perfekt. På flyplassen Don Mueang var det nesten ingen kø for å sjekke inn, ingen kø i tryggleikskontrollen og vi slapp først inn på flyet fordi vi reiser med små barn. I Thailand har vi opplevd fleire gonger å få spesialbehandling på grunn av barna, og det gjer ting lettare for oss. Taxien som skulle ta oss frå flyplassen i Krabi til hotellet i Koh Lanta var 40 minutt forsinka, så det var det einaste denne reisa kunne trekkast litt for, men det løyste seg.

Vi kom fram på hotellet Tropicana Lanta Resort og fekk nøklane til eit svært hotellrom med stove, bad under open himmel og to svære soverom. Badet var skikkeleg fint her med veggar av mikrosement, vaskar i utskoren stein og golvet var betong med elvegrus på toppen. Badekaret var støypt i betong og var i den delen av badet utan tak. Første kvelden måtte vi teste å ta eit bad under stjernane, men vi fekk litt dårleg samvit av å bruke så mykje vatn på å fylle det svære badekaret.

Koh Lanta er ein langstrakt øy der dei fleste hotella og turiststadene er samla på den nordvestlege delen. Det er fleire lange strender og hotellet vårt ligg nærast Relax Bay, Secret Beach og Beautiful Beach, der Relax Bay er den av dei som har strandbarar og restauranter. Dette er då dei turistvennlege namna, eg har ikkje funnet ut kva dei heiter lokalt så vi får halde oss til dei namna.

Båt

Vi testa ut Relax Bay første dagen og det er blitt favorittstranda til no. Den er litt mindre i storleik og popularitet enn Phra Ae Beach og Khlong Dao Beach, så der er rolegare og mindre folk. Lokale fiskarar har også båtane sine her, så det gjer eit litt meir lokalt preg. Ein kan best beskrive desse strendene med eit ord: kvilepuls. Alle slappar av, det er ingen som skal noko, korkje dei som jobbar der eller dei som besøker strendene.

Familien

Vatnet var perfekt for ungane, ikkje for store bølgjer, kvite strender og behageleg temperatur. Olina fekk strandsett til jul, og dei har verkeleg leika mykje med det og dyrefigurar i stranda. Dei kveldene vi har tilbrakt på stranda har det vore fantastiske solnedgangar, og ungane har sprunget rundt og leikt mykje. Dei klatrar i trea, stuper kråke og kastar sand i lufta, som landar i håret og alle kleda deira.

Bading

Vi har også klart å bli litt solbrent i starten her nede, sjølv om vi smører godt. Trikset er å ta pauser frå sola delar av dagen, så vi har no byrja å dele dagen meir opp der vi er ved bassenget på hotellet på starten av dagen, så ein pause i skuggen og så stranda på ettermiddagen. Heldigvis har vi lydbøker, teiknesaker og Uno som jentene akkurat har lært seg.

Chilling i skuggen

Eine dagen var vi innom Lanta Animal Wellfare, som er eit sjukehus og rehabiliteringssenter for hundar og kattar som går laust her nede. Dei vaksinerer, steriliserer og gjer helsehjelp til sjuke og skada dyr. I heile Søraust-Asia er det ein del av kulturen med dyr som går laust, men det er langt frå alle som har det bra. Før dei starta opp senteret her på øya var det mykje skadar og sjukdom blant dyra, men det har no blitt mykje betre. Sjølv om omvisninga var på engelsk, så synes ungane det var kjekt å sjå på dyra, og dei fekk klappe kattar og hundar. Den trebeinte hunden Thomas var spesielt sjarmerande.

Thomas Katt i rør

No er vi midtveis i opphaldet her på Koh Lanta, i går (27. januar), byta vi hotell til Baan Suan Rimklong Resort som er ein litt anna type hotell enn det forrige. Her er det meir naturleg hage, meir dyreliv med fiskar, høner og kyllingar og meir mygg, så vi må smøre godt med myggspray og halde dørene til rommet lukka. Etter det reiser vi med båt til Koh Lipe, ei mindre øy lenger sør i Thailand der det ikkje fins nokon bilar, der er det gåavstand til alt.

Mille

Vi avsluttar med ein serie bilete av Olina som leiker i sanden! Sand del 1 Sand del 2 Sand del 3 Sand del 4 Sand del 5 Sand del 6 Sand del 7